Kong Olav V avduka bauta på Nornes 15. juni 1984. 800 årsjubileumet etter slaget ved Fimreite.                                              Lydopptak Nrk  Sogn og Fjordane  

Den vakre og ville Aurlandsdalen.

 

leifa-aa@online.no    Tlf: +47 57679177 +47 48127858

Aurland Gutemusikklag stifta 7. januar 1953  Tilbake

 

Startside

Familiesider

Friluftsliv

Korps og musikklag

 Leilighet

Gjestesider

Favoritter

Sigvart Høl

 

Tilbake til Aurland Gutemusikklag

I formannsboki for Aurland Gutemusikklag står det at desse gutane var med frå starten av i 1953: Leif Sviggum, Gunnstein Jarle Aasen, Torgeir Thunshelle, Torgrim Gjesme, Asbjørn Gunnarskog, Harald Høydal, Per K. Stundal, Ingvar Vikesland, Leif Arne Aasen, Anders K. Åsen, Jostein Høl, Johannes K. Stundal, Jonn Wøllo, , Jon Turlid, Morten Sofus Inderlid, Njål Frønningen, Nils H. Frønningen, Per O. Kvam, Bjarne Torfinn Bjørgum, Inge Olav Aarseth og. Dirigent Jens Fossheim

Den 15. mars 1953 vart dette styret satt: lærar Gunnar Husabø, tannlege Beck Flåm, Valborg Gunnarskog og Martin Aasen. Sist nemde som formann og Gunnar Husabø som kasserar og sekretær.

Aurland Gutemusikklag held sin første basar i Trudvang 24. oktober 1953. Gutemusikken spelte for fyrste gong for eit fullsett Trudvang og hausta stor fagning for sin fyrste offentlege opptreden.

Lars Vikesland las prolog og Kåre Ohnstad song for fyrste gong offentleg  saman med dotteri si Maila. Basaren hadde ei netto inntekt på heile kr. 1830,-

21.11.1953 spelte Gutemusikken på basaren til Aurland Lottelag og fekk kr. 25,- for innsatsen.

19.12.1953 spelte gutemusikken i kyrkja under skulegudstenesta.

Veslejulafta 1953 spelte gutemusikken under jolegrani på torget jolesongar for fyrste gong.

5. dag jol spelte gutemusikken på barnefesten i bedehuset jolesongar for fyrste gong.

2.01.1954 spelte laget i Vassbygdi Sanitetslag jolesongar.

6.01.1954 trettendedag spelte laget for Gamlemisjon i Bedehuset på basaren deira. Stor fagning.

Juni 1954 møtte laget på gutemusikkstevne for Sogn Musikkkrins i Høyanger. Aurland Gutemusikk og Flåm Skulemusikk reiste saman med motorbåt. Dirigent Jens Fossheim og formann reiste med laget. Jens Fossheim reiste til Sverige om hausten på skule og faren Svein Fossheim overtok som dirigent.

Laget hadde 2 øvingskveldar i veka, tysdag og fredag.

12.06.1955 møtte laget på stemne i Leikanger og reiste med Balholm. Laget fekk eit fast tilskot på kr. 500,- frå kommune i fleire år.  Sumaren 1956 reiste laget på landsguttemusikk stemne til Skien.

 

Startside

Familiesider

Friluftsliv

Korps og musikklag

Til leige

Gjestesider

Favoritter

Sigvart Høl